I helga samlast 240 deltakarar og 200 publikumarar på Thon Hotel Jølster på Skei i høve Vestlandskappleiken. Det vart tevla i spel, song og dans, både solo, i par, grupper og lag, både i dei gamle bygdedansformene som springar, halling og rull, og dei nyare runddansformene som vals, reinlender, hamborgar og masurka. Kappleiken var delt inn i Sjokoladekappleiken for dei minste, juniorklasser for dei opp til 18 år og senior for dei over. Særleg stor var deltakinga frå dei under 18 år, som bidrog til at kappleiken hadde den største deltakinga etter korona. Dette viser at kappleiken truleg er liv laga, sjølv om det i nokre år har vore diskusjon om den kjem til å halde fram med å verte arrangert. Dette forutset sjølvsagt at det fins ein arrangør, og ikkje minst frivillige som hjelper til.

I år var det Sogn og Fjordane folkemusikklag som arrangerte Vestlandskappleiken. På grunn av sin sentrale beliggenheit, og ettersom folkemusikklaget vanlegvis har styremøter der, vart kappleiken arrangert på Thon Hotel Jølster. Samarbeidet til hotellet svært bra, og dei var ein viktig faktor for at vi fekk gjennomført arrangementet. Vi fekk mange gode tilbakemeldingar på valg av lokale, og at det var flott at overnatting, mat og tevlingsarenaene var under same tak.

Det vart mobilisert frivilligkrefter frå folkemusikk- og folkedansmiljø i heile Sogn og Fjordane. 31 frivillige meldte seg, og bidrog til at deltakarar og publikum fekk ei svært triveleg helg. Dei frivillige frå ulike stader i Sogn og Fjordane jobba flittig både før, under og etter kappleiken. Utallige timar har gått til planlegging, logistikk, informasjonsspreiing, baking, innkjøp, organisering, utskriving, telefonsamtalar, epostsendingar, møter, skriving, rigging, henting, frakting, rydding, servering, diskutering og meir. Dette engasjementet som dei frivillige viser, tyder på at det er eit miljø som er verdt å ta vare på. Det tyder på at det handlar om meir enn dyrkinga av folkemusikken og folkedansen på Vestlandet, og at det sosiale i folkemusikk og folkedansmiljøet òg er svært viktig.

Sogn og Fjordane folkemusikklag vil takke alle deltakarar, publikum, frivillige, dommarar, dei ansatte på Thon Hotel Jølster, sponsorar og tilskotsordningar for ei kjekk kappleikshelg!



Foto: Peder Verlo