- Vi gler oss sånn til neste år - då kjem vi att, seier jentene frå Lom, før dei spring i bilen på veg heimatt. Dei har hatt sitt aller første Mokurs, og det gav meirsmak. 

Vel 70 personar var samla på Mo jordbruksskule frå søndag til fredag. Allerie søndagskveld var det samling i gruppene og innlæring av eit par slåttar før det var leik og moro i hallen. I løpet av veka fekk deltakarane prøve seg på scena - både til sitjande og dansande publikum - og det med heilt ferske slåttar. Dei hadde ulike valfag som dans, song, teknikklære på fele og formidling frå scene. Dei åt is, kjøpte godteri, brus og frukt i kiosken, spelte fotballkamp, var på konsertar, dansa, og dansa, og dansa. Kvar kveld!

Kursleiarane seier seg svært så fornøgde med kurset og takkar alle for at dei kom og gjorde kurset så fantakstisk bra som det vart: deltakarar, lærarar, hjelparar, foreldre, vaktmeister, kokkene og nattevakter.

Takk til våre sponsorar og støttespelarar: Sogn og Fjordane fylkeskommune, Førdefestivalen, KOMP, Rff, Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Tine Meieriet Byrkjelo og Lerum.

Til neste år vert Mokurset 9.-14. juli 2017 - vel møtt!

 

Foto: Kristoffer Kleiveland