I høve Sogn og Fjordane sitt 250 års-jubileum komponerte Eirik Husabø frå Florø eit tingingsverk for KORK i samspel med tre solospelemenn frå fylket. Verket "Tri tonar" inneheld ein slått frå kvar fjord. Solistane i tingingsverket var Håkon Høgemo frå Sogn (hardingfele), Arne M. Sølvberg frå Nordfjord (fele) og Sigmund Eikås frå Sunnfjord(hardingfele).

Sigrid Moldestad var også mellom dei utvalde solistane på konserten. Det var første gong hennar eigne låtar vart framført av eit stort symfoniorkester.

Målet til arrangørane var at konsertane skulle bli ein folkefest for heile fylket. 1000 skuleelevar inviterte til å sjå konserten under generalprøvene som ein del av den kulturelle skulesekken. Totalt 2500 personar fekk dermed med seg dei utselde konsertane i løpet av to dagar. Konserten vert også sendt på NRK1 13. desember.

Article image
Karl Seglem blei tildelt Luttprisen 2013. Foto: Øystein Torheim

 Lutt-prisen 2013

Jazz- og verdsmusikaren Karl Seglem frå Årdal  vart i samband med konserten fredag tildelt Luttprisen for 2013. Prisen er eit stipend frå Sparebanken Vest på 25.000 kroner samt eit kunstdiplom frå Oddvar Torsheim.

Juryen seier i si grunngjeving: "Luttprisvinnaren i år har markert seg sterkt både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Vinnaren har i mange år hatt suksess langt utover norske grenser, og har også i år hausta strålande omtaler både for konsertane sine, og plata som vart sleppt i haust. Artisten og komponisten er ein nestor innan sin sjanger, og har ei imponerande karriere å vise til, med komposisjonar og utøving i verdsklasse. Luttprisvinnaren står fram som ein solid ambassadør for fylket, med musikk tufta på tradisjonar. Men samstundes med eit glødande engasjement for å blande stilar og sjangrar."