Tema for kurset er springar, og det vil vere innføring i typiske slåtte-/danseformer og fokus på forskjellar og likskapar mellom ulike tradisjonsområde. Kurset vil ha instruktørar i hardingfele, dans og kveding.
Målgruppe: Frå 8. klasse og oppover. Det er ikkje eit reint nybyrjarkurs, så deltakarane bør ha spelt/dansa/kveda eit par år.
Hardingfele: Arne Anderdal, Knut Hamre, Frank Rolland, mfl. Arbeid mellom anna med slåttemusikken si tilknyting til dansen, ved å bruke utval av slåttane dei går gjennom til dansemusikk for dansarane (som ein del av undervisninga for seg sjølv og for dansarane).
Dans: Knut Blikberg og Halldis Folkedal. Gjennomgang av eit utval springarar, fortrinnsvis frå Hordaland. Kursdeltakarane går gjennom dei springarane som er tema, og får høve til å prøva ulik musikk til dansen. Målet er å bli meir merksame på karakterforskjellar og kva som fell godt inn i dansen.
Kveding: Fokus på slåttetralling, særleg springar. Deltakarane vil få prøve ulike springarar/ former/ karakterar, delta med dansemusikk og praktisere.
Stad: Gimle (Kong Oscarsgt.18) Tid: 4.- 6. november
Overnatting: Montana Ungdomsherberge.
Pris: 400,- pr. pers (overnatting kjem i tillegg)
Påmelding til Sindre Vatnehol innan 1.oktober (mobil: 900 79 376, e-post: sindre.vatnehol@gmail.com). Opplys ved påmelding om du treng overnatting, samt kva gruppe du vil dela i på kurset.
Sogn og Fjordane Folkemusikklag oppmodar alle om å melde seg på storkurset!