Dagfrid Vallestad Brevik gjorde det skarpt då ho laurdagsettermiddag spelte seg til topps i spel hardingfele klasse A under Vestlandskappleiken Bergen, og saman med Gaular Spelemannslag, vann førsteplassen i lagspel. Og ikkje nok med det, Dagfrid var også med Gamlebanken Spelemannslag som sklei inn på ein fin 2. plass - berre eitt poeng etter konkurrentane i Gaular. Egil Furenes vann hardingfele B og var også med Gaular Spelemannslag og spelte seg til topps med dei.
Det var god deltaking frå Sogn og Fjordane denne helga. Leon Årdal og Irene Hestvik dansa seg til førsteplass i pardans runddans og første- og tredjeplass i pardans bygdedans,. I pardans runddans var det med seks par - alle frå Sogn og Fjordane. På 2. plass kom Kjartan Naustdal og Kjersti Rønningen og på 3. plass kom Anne Louise Drevdal og Tormod Øvrebø. I pardans bygdedans D vann Sigrun Vigdal med ein jostedalsspringar.
I vokal A vann Ellen Therese Gloppestad Thuland, i spel fele B kom Antonia Karete Haugen Kongsvik på 1. plass, i klassa for lagdans kom Nordbygda spel- og dansarlag på ein fin 2. plass, i samspel junior kom Kristi og Tora på 3. plass
Vi gratulerar alle saman!
Sjå heile resultatlista her: Resultatliste Vestlandskappleiken 2016.pdf