Erlend kan også vinne publikumsprisen, og du kan bidra ved å gje di stemme! 

Send ein SMS med "SFF STEM 4" til 2077. 

Juryen om Erlend: Ein spelemann heile det norske folkemusikkmiljøet følgjer spent i framtida! Erlend søkjer utfordringar og har alt lukkast med å skape sin eigen ”signatur” som spelemann. Trass i at han legg ned mange timar med øving, legg ikkje unge Apneseth skjul på at det er på scena, framfor publikum han trivst aller best! Han har markert seg høgt oppe på resultatlistene på både fylkeskappleik, vestlandskappleik og landskappleik.

Det blir høgtideleg overrekking av stipenda på Furorebankett i Florø 30. oktober. Under banketten vil publikum få høve til å avgje SMS-stemmer for å kåre ein publikumsvinnar som får ytterlegare 10 000.

Les meir om Furorestipenda og banketten på Sparebanken Sogn og Fjordane sine heimesider.