Instruktør er Stian Roland som til daglig underviser ved Universitetet i Søraust-Noreg i Rauland. Stian har mykje erfaring i frå opplæring i dans og det å lese dans ut frå filmopptak.
Denne helga vil me spesielt fordjupe oss i opptak av Andreas Bjørk. Dette opptaket syner truleg ei eldre litt enklare form av Jostedalsspringaren. Denne forma kan difor vere ein enklare inngang for dei som er heilt ferske på dansegulvet. Å arbeide med dette opptaket vil også vere interessant for dei som i mange år har dansa den Jostedalsspringaren me er så glade i, men som ynskjer å variere dansen sin med utgangspunkt i eldre kjelder.
Seminaret varer til kl 17 på laurdag, og det blir og høve til ei lita økt på søndag for dei som ynskjer det.
Håkon Høgemo har sagt seg villig til å spele til dans både på dagen og på sosialt samvær og dans på kvelden. På kvelden er det fleire lokale krefter som også vil spele slik at me får svinge oss i dansen.

pris kr 200,. som inkluderer lunsj (pizza), kaffi og kake.
Dei som ynskjer middag på kvelden avtalar det med hotellet.
Dei som ynskjer middag på kvelden avtalar det med hotellet.