Årets tilreisande artistar er Bjørkås, Rossebø og Viken, Spelemannslaget Fjelljom og Nordbygda Spel-og Dansarlag.
Felespelarane Andreas Bjørkås og Erlend Viken har vakse opp saman i Oppdal og fått gode røter i folkemusikktradisjonen der. På Norges Musikkhøgskole vart dei kjende med multiinstrumentalist Olav Christer Rossebø frå Haugalandet. Alle tre har etablert seg godt i det norske musikkmiljøet. På gruppa sitt program i Hyen står slåttar i Oppdalstradisjon både som solo, duo og trio, og med ulike instrumentsamansetjingar, og vi får høyre fornying og eksperimentering innanfor tradisjonen sine rammer.
Spelemannslaget Fjelljom frå Stryn feirar 50 år i år, og har nett gjeve ut CD i høve dette jubileet. Laget vert leia av Arne Sølvberg som vart utnemnd til heidersmedlem i FolkOrg på årets Landskappleik.
Nordbygda Spel- og Dansarlag med utgangspunkt i Lote og Henjane feirar 30 år i år og har gleda publikum på spelemannsfest i Hyen med drivande dansespel mang ein gong.
Hyen spelemannslag stiller sjølv med ”smått og stort”, både aspirantane og gamlelaget, og det blir både lagspel og solospel.
Les meir her om spelemannsfesten her.