SPELEMANNSFEST I HYEN LAURDAG 23.AUGUST KL.20.00
I år får vi besøk av den flotte duoen Fromseier Hockings, som kjem heilt ifrå Danmark for å glede oss med levande og leikande samspel. Dei har turnert verda rundt saman, og blant anna spelt på Førdefestivalen tidlegare i sommar. Felespelar Ditte Fromseier starta si musikalske karriere som 4-åring på Bornholm, og har utdanna seg både innan klassisk musikk og folkemusikk. Sigurd Hockings er ein av dei mest allsidige gitaristar innan i dansk folkemusikk. Han har sin heilt eigen spelestil, inspirert av både skandinavisk og keltisk musikk. Saman framfører dei fram alt frå gamle folketonar frå Bornholm til sjølvlaga låtar med rytme og driv, med inspirasjon frå blant anna amerikansk folkemusikk.
Frå Trondheim kjem Snaustrinda Spelemannslag, eit friskt og spennande studentspelemannslag som er tilknytta Studentersamfundet. Sidan medlemmene kjem frå heile landet (til og med frå Hyen!), spelar laget ikkje berre sør-trøndersk tradisjonsmusikk, men også folkemusikk frå andre krikar og krokar av Noreg. Utanlandske innslag kan òg dukke opp, då særleg irske og svenske slåttar. På spelemannsfesten blir laget å treffe både til program og dans.
Av meir lokale artistar får Spelemannsfesten besøk av våre gode grannar i sørvest. Naustedalen Spelemannslag er ei samlenemning for tradisjonslaget, under musikalsk leiing av Einar Eimhjellen, og toradarlaget, leia av Kjell Bjarte Vonen. Vi gledar oss både til programinnslag og dansespel!
Hyen Spelemannslag stiller sjølvsagt sjølv òg, og dreg som vanleg i gong både programmet og dansen. Kanskje blir det til og med nokre aspirantar å sjå, i tillegg til det forholdvis unge "gamlelaget". Saman med Hyen Ungdomslag gler vi oss iallfall til ein heidundrandes kveld!
Ta turen! Vel møtt!
Program og dans: 200 kr
Berre program: 150 kr
Berre dans 100 kr.
Born under 16: Gratis!
Tilskiparar: Hyen Ungdomslag og Hyen Spelemannslag