Sogn og Fjordane folkemusikklag gratulerar vårt medlem Erlend Apneseth med Spelemannpris i open klasse! Albumet Salika, Molika er signert Erlend Apneseth-trio, der og perkusjonist Øyvind Hegg-Lunde frå Lærdal er ein viktig bidragsytar. Albumet er laga med skattar frå folkemusikkarkiva som utgangspunkt, og har høsta fleire prisar og nomiasjonar. Ved sida av Spelemannpris har Apneseth fått NOPAs tekst- og musikkpris og nominasjon til Folkelarmprisen og Nordic Music Prize for Salika, Molika.