Hardingfelespelarane Kine Svori og Mathilde Skjæret frå Jostedal vart kåra til norgesmeistrar i juniorklassen for gruppespel andre året på rad. Kvar for seg hadde dei også gode plasseringar i soloklassen på hardingfele.
Hardingfelespelaren Erlend Apneseth frå Jølster spelte seg til ein flott 2. plass og sikra ein god poengsum som kvalifiserer han til deltaking i eliteklassen. Dagfrid V. Brevik frå Gaular sikra seg 4. plassen i same klassen.
I knallhard konkurranse med 26 andre spelemannslag, sikra hardingfelelaget Gamlebanken seg 2. plassen, tett bak vanlegfelelaget Gudbrandsdølenes. Gamlebanken kan med dette titulere seg som landets beste hardingfelelag.
Deltakarar frå fylket stod elles bak ei rekkje gode prestasjonar i både spel, song og dans. Resultata frå Landskappleiken finn du her.