I framsyninga er det ei breidt spekter av folkemusikarar og -dansarar. Håkon Høgemo frå Årdal, Tom Karlsrud frå Aurland og Kari Malmanger frå Sogndal stiller med felespel, trekkspel og song, medan Jens Brekke frå Vik leier publikum gjennom bryllaupet, slik kjøkmeisteren gjer. Krudlalaget, Kaupanger bygdakor og dansarar frå Sogndal og Jostedal er mellom dei mange bryllaupsgjestene, i tillegg til spelmenn som Oddbjørn Ramstad og Hallgrim og Svein Skjerdal.

Kari Malmanger har regien på framsyninga, og ho fortel om ideen bak: «Med utøvarar frå Sogndal og Sogn elles, ville vi laga noko som var meir enn ein konsert, der vi òg fekk syna fram dans. Då kom ideen om å laga det heile som ei forteljing om eit par som skulle gifta seg. Det finst mykje folkemusikk knytt til bryllaupstradisjon og i festlege høve har det alltid vore dansa. Med ei slik råme fekk vi med det vi ville. Her vert det både kjøkemeistersong og sognespringar, stemning, dans, fele og trekkspel, korsong og humor.»