Det var i utgangspunktet 19 deltakarar på lista til spelemannslaget. Som venta var det ein del som meldte avbod...alle med lovleg grunn. Det var difor lagt opp til at me vart litt over 10 deltakarar. Etterkvart som starttida nærma seg dukka det opp folk som ikkje var på lista. Ved start så var me komen opp i 19 personar. Når me så legg til 11 namn som ikkje kunne møte så har me eit lag i storleik 30 deltakarar..det kan me vel kalle eit «storlag» som kan fylle scena på Landsfestivalen i Førde 2.-6. august.

Laget har hyra inn Vidar Underseth frå Sogn /Ålesund som instruktør. Har hadde plukka ut 4 slåttar som han spelte inn på video og sendet til folkemusikklaget som så vart sende ut til deltakarane. Slåttane var Springpolka etter Jan Frydenlund, Friskusen, hamborger av Lars Skjervheim, Reilendar av Martin Sellevoll og GamleYsten, vals og Ragnvald Lunde. Me starta med springpolkaen etter Jan Frydenlund.

Me delte øvinga som var planlagt frå 12-15 i tre bolkar med kaffe i pausane. Under god vegleiing av Vidar gjekk me gjennom 3 av slåttane og spelte tilslutt gjennom Gamleysten, som me ikkje fekk til til å gå gjennom. Under øvinga fekk me besøk av ein «journalist», dvs. han som hadde ansvar på info, presse og Pr på Landsfestivalen  Per Øverbø.

Konklusjon er at dette var ei svært opplyftande hending for oss som skal prøve å få i gong dette.

Neste øving er 10. juni kl. 12-15, òg på Skei skule.