Sogn og Fjordane kappleiken 2020 skulle arrangerast i Dale 27.og 28. mars med Dalsfjorden Spelemannslag som lokal arrangør. Sogn og Fjordane Folkemusikklag har i styremøte 9. mars vedteke å avlyse/ utsette kappleiken p.g.a. faren for spreiing  av coronaviruset. Vedtaket er gjort ut frå råd frå smittevernlegen i Fjaler. Sogn og Fjordane Folkemusikklag og Dalsfjorden Spelemannslag seier seg leie for at vi skuffar alle som hadde gledd seg til å komme og oppleve kappleiken. Vi meiner likevel at det er rett å vise det samfunnsansvar det er å følgje dei råd helsemyndigheitene gjev. Også årsmøtet i Sogn og Fjordane Folkemusikklag, som skulle haldast 29.mars, er utsett inntil vidare.

 

Sogn og Fjordane Folkemusikklag      Dalsfjorden Spelemannslag