Dei av dykk som er på facebook kan finn oppdatert informasjon om årets festival her.

Førebels program pr. 9.8 ser slik ut:

FREDAG 16.AUGUST:

Som vanleg: ”Takk for sist- kveld” på Pyramiden senterkafè, med dans og moro utover kvelden


SPELELISTE PYRAMIDEN

2030-2100: Arve med vener

2100-2130: Hafslobelgen

2130-2200: Luster trekkspelklubb

2200-2230: Labakkalaget

2230-2300: Vågå trekkspelklubb

2300-2330: Belgtøttene

2330-2400: Sogning og stril

2400-0030: 2 purke og ein gris

0030-0100: Randis gammaldansorkester

0100-0130: Arnastrilen

LAURDAG 17.AUGUST

Denne dagen vert Gaupne sentrum fylt med gammaldansglade!

På Pyramiden senterkafè vert det konsert frå kl 1200 til ca 1430. Alle som deltek på festivalen er velkomne til å presentere litt av musikken sin. Her har ein frie hender, både grupper, duettar og solistar er velkomne. Kvart innslag får 10-15 minuttar til disposisjon, lydanlegg og konfransièr er på plass!

På Gaupnetun (tidlegare Gaupne hotell) vert det buskspel heile dagen! Frå kl 14 og utover ettermiddagen inviterer vertskapet alle musikarar og andre interesserte til buskspelkos i hagen. Her har me litt meir uformell stemning og alle kan slengja seg på!

SPELELISTE PARKEN LAURDAG 17.AUGUST:

2000-2030: Hafslobelgen Luster

2030-2055: Ein god mix Sogn og fjordane

2055-2125: Fjøra trekkspelklubb Sogndal

2125-2155: Gimlingane Bergen

2155-2220: Vågå trekkspelklubb Vågå

2220-2245: Belgtøttene Ølen

2245-2310: De Berits Askøy/Luster

2310-2340: Arnastrilen Arna

2340-0010: Indre Hafslo Spelemannslag Luster

0010-0040: Randis gammeldansorkester Breim

0040-0110: To purke og ein gris Luster

0110-0130: 3 små vestlendingar Vestlandet

SØNDAG 18. AUGUST:
Tradisjonen tru byr vertskapet musikarar med familiar på pannekaker, saft og kaffi før heimreise.