Program for Sogn gammaldansfestival 2014 i korte trekk:
Fredag 15.august: 21.00 - 02.00:
”Takk for sist- kveld” på Pyramiden senterkafè, med dans og moro utover kvelden. Som i fjor tek proffe folk seg av lyden.
Laurdag 16.august:
Ei lita utflukt laurdag føremiddagen.
Konsert frå kl 1230 til ca 1400 på Pyramiden senterkafe. Alle som deltek på festivalen er velkomne til å presentere litt av musikken sin. Her har ein frie hender, både grupper, duettar og solistar er velkomne. Kvart innslag får 5-15 minuttar til disposisjon, lydanlegg er på plass!
På Gaupnetun vert det også lagt opp til buskspel heile helga! Frå kl 14 og utover ettermiddagen både fredag og laurdag inviterer vertskapet alle musikarar og andre interesserte til buskspelkos i hagen.
Kl. 20.00 – 01.30 vert det duka for stordans i Parken med dansespel på dugnad mellom orkestra som vanleg. Ta med instrument! I Parken er det god plass til buskspel!
Søndag 17.august:
Tradisjonen tru byr vertskapet musikarar med familiar på pannekaker, saft og kaffi før heimreise. Denne gongen med stort partytelt!
Ynskjer du/de å delta på Sogn gammaldansfestival?
Send ein e-post/ facebookmelding eller ta ein telefon/SMS til Arve Bjørn Røneid på 950 76 386/ abron@online.no innan 8/8 dersom du ynskjer å vera med!
Det trengst musikk til følgjande økter:
Dansespel fredag kveld (30 minuttar)
Konsertspel laurdag (5-15 minuttar), innslag med «ny vri» krydrar programmet!
Dansespel laurdag kveld (30 minuttar)
Spelelister vert sett opp ca ei veke på førehand.
Prisar billettar:
Musikarar på scena (konsert, dans eller institusjon): Gratis
Buskspelmusikarar kr 100 (gjennomgangsbillett)
Billett fredag: 100
Konsert laurdag: Gratis
Billett laurdag kveld 150 før kl 2100
200 etter kl 2100
Meir detaljar om overnatting m.m. er å finne på arrangementet si facebookside.