Etter at dei tre best i kvar klasse vart offentleggjorde på meisterkonserten søndag, var det klart at Britt Pernille den som fekk best plassering blant deltakarane frå Sogn og Fjordane denne gongen med ein flott andreplass.

Asbjørg og Arne M. Sølvberg frå Spelemannslaget Fjelljom kom blant dei seks finalepara i gammaldanstevlinga, men hamna utanfor pallen. Berre dei tre beste vert rangerte.

Gruppa "Hevd" med Arve Bjørn Røneid frå Jostedal spel- og dansarlag på toradar kom på bronseplass i klassa for grupper. Arve Bjørn kom også til finalen i solo durspel senior og vart til slutt nummer fire.

Komplette resultatlister for årets Landsfestival finn du her.