Nokre av opptaka er kopiar av private opptak, Arne Bjørndals Samling i Bergen, Norsk Folkemusikksamling i Oslo og NRK. Medan andre opptak er Fylkesarkivet sine eigne feltopptak gjort av musikkarkivaren.
Musikkarkivaren er i dag Erle Hind (26). Då ho tok til i jobben i fjor, hadde stillinga stått ledig i lengre tid. Og ho fortel at det i delar av arkivet var lettare kaotiske tilstandar, og slår fast at nerde-eigenskapane hennar kjem godt med i registreringsarbeidet.
- Eg er ein systemfreak, og stor tilhengar av å skape mønster og oversikt, og å registrere, systematisere, katalogisere, ordne, og arkivere materiale.
Mange av oss har allereie møtt Erle, kanskje utan å vite at det var henne. På Fylkeskappleiken i Naustdal våren 2011 sat ho bakerst i salen og gjorde opptak av kvar einaste tone frå scena på heile kappleiken. Ein tøff start for ein person som kom utanfrå og ikkje hadde særleg mykje kunnskap om folkemusikk frå før? Skal vi tru henne, så har det gått bra.
- For meg som ikkje hadde noko tilknyting til folkemusikk-/folkedans-Noreg då eg tok til i jobben, er det utruleg kjekt å få utvida dei musikalske horisontane mine. Eg har fått opp augo for kjempedyktige utøvarar frå fylket, og treft hyggjelege og hjelpsame folk. Etter å ha jobba ved Fylkesarkivet ei stund, er eg no så miljøskadd av jobben min at eg drar på Landskappleiken på eige initiativ, og høyrer på Folkemusikktimen frivillig, ler ho.
Frå populærmusikk til folkemusikk
Erle har skrive masteroppgåve i tverrfaglege kulturstudiar ved HiT i Bø, og har bachelor i musikkvitskap frå NTNU i Trondheim. Ho hadde deltidsjobb som studentvakt på høgskulebiblioteket i Bø, og sommarjobb som notearkivar på Ringve museum i Trondheim. Og i juni 2010 tok ho altså til i jobben som musikkarkivar ved Fylkesarkivet.
- Eg set stor pris på variasjonen i arbeidsoppgåvene på folkemusikkarkivet på Leikanger. Musikkarkivet er såpass lite at eg, som einaste tilsette på musikkavdelinga, har kapasitet til å arbeide med alle tre aspekta av musikkarkivarstillinga. Det vil seie innsamling; vern og registrering; og synleggjering, formidling, og handsaming av førespurnader. Dette gjer at ein unngår einsretta arbeidsoppgåver, og eg er glad for at eg har fridom til å variere arbeidsdagen såpass mykje som eg faktisk kan.
Nokre lurer kanskje på kven brukarane av Fylkesarkivet er. Unge? Eldre? Folk i fylket? Folk utanfrå? Erle fortel at brukarane stort sett deler seg inn i tre grupper: det er skuleelevar/studentar som ynskjer arkivopptak i opplæringssamanheng; det er folk som oppdagar at dei er dokumentert på Fylkesarkivet og som ynskjer å høyre gamle arkivopptak av seg sjølv; og det er profesjonelle utøvarar med tilknyting til fylket, som nyttar arkivtenestene.
- Eg synes det er viktig og kjekt å formidle dei rike folkemusikk- og folkedanstradisjonane i Sogn og Fjordane til publikum, og hadde sett pris på om enda fleire folk tok i bruk folkemusikkarkivet.
Kom gjerne med innspel!
Musikkarkivaren oppmodar folkemusikkmiljøet om å kome med innspel til kva musikkarkivet skal arbeide med.
- Særleg fordi eg ikkje hadde så mykje kunnskap om folkemusikk på det tidspunktet då eg fekk jobben, set eg pris på innspel frå meir rutinerte aktørar innan folkemusikk og folkedans.
Denne hausten skal Fylkesarkivet mellom anna gjere lydopptak på Vestlandskappleiken 7.-8. oktober, og gjere videodokumentasjon av barnehageframsyninga “Røysekattrumpe og dei knisande geitene” med Elin Grytting og Synnøve S. Bjørset. Og det blir også etterarbeid og registrering av lydopptak som vart gjort under Førdefestivalen og Telemarkfestivalen i sommar.
- Laurdag 12.november er det Arkivdagen 2011, då vert det ope hus på Fylkesarkivet på Leikanger, og alle er velkomne til å høyre meir om årets tema: protest, avsluttar Erle Hind.
Sogn og Fjordane Folkemusikklag oppmodar alle interesserte om at ta turen til Fylkesarkivet!
Les meir om Fylkesarkivet her.