FolkOrg har i dag kring 4500 einskildmedlemmer, og dei fleste av desse er knytt opp mot våre 150 mangfaldige lokale spel – og dansarlag. Lokallaga er ryggraden i organisasjonen og syner ein stor aktivitet. FolkOrg ynskjer å løfta fram det gode arbeidet som lokallaga gjer gjennom mellom anna å dela ut prisen for ”Årets lokallag”.

Årets lokallag vert vald av styret i FolkOrg på bakgrunn av innsendte nominasjonar. Dei vel ut tre nominerte til prisen og ein vinnar. Dei nominerte og vinnaren vert marknadsført gjennom folkorg.no, nyhendebrev, sosiale media og pressemeldingar. Det er open nominasjon, og lokallaga kan også melde sitt eige kandidatur.

Prisen er ein pengepremie på 10 000 kroner, og vert delt ut under FolkOrg si kurshelg på Lillehammer 15. – 17. april 2016.

For utdeling av prisen for årets lokallag i 2016, ynskjer FolkOrg å leggje vekt på rekrutteringsarbeid og opplæring av born og vaksne”.

Det kan til dømes vere lag som har etablert eit solid apparat kring opplæringa si slik at det er eit stabilt miljø og god rekruttering, eller lag med gode samarbeidstiltak med andre instansar og/eller organisasjonar som har ført til god rekruttering av nye medlemmar. Det kan også til dømes vere lag med satsingar som engasjerer og inspirerer både gamle og nye medlem til å vere aktive folkemusikkutøvarar og/eller folkedansarar, eller lag med særs gode opplæringsmetodar som hever nivået på medlemmane og laget.

NB! Tiltaka som laga driv må vere aktuelle i dag, og ikkje noko som er avslutta.

Fyll inn skjema og send inn via FolkOrg sine nettsider: http://folkorg.no/send-inn-forslag-til-arets-lokallag-2016/