FolkOrg vil til sommaren lansere ei ny tevlingsklasse på Landsfestivalen med namnet Samspel junior, og Fylkeskappleiken 2012 er den første kappleiken som prøver ut denne nye klassen.

Gruppene i denne klassen kan velje dei to tevlingsnummera fritt frå heile rikdomen av slåttetypar: springar, halling, bruremarsj, lydarslått, rull, gammalt, vals, reinlendar, masurka og hamborgar/polka.

Alderskravet for å vere junior i år er at du er fødd i 1994 eller seinare.

Les meir om klassen og meld deg på her.