Romjulsfesten startar med konsert der felespelaren Jorun Marie Kvernberg byr på folkemusikk frå Møre og Romsdal: Skarpskorne polsdansar og vemodige valsar, sindige bruremarsjar og viltre hallingar. Musikken ber med seg historier om ein pengeforfalskar som må bøte med livet, om ei kyrkje full av mystikk, om ei fele som tryllar fram ungdomsminner og om slåtten som flaut i land etter Tafjordulukka.

Etter konserten blir det dans til musikk av Dalsfjorden Spelemannslag.

Det blir sal av kaffi, kaker og pølse med brød.

Dalsfjorden Spelemannslag ønskjer vel møtt!