5.4.2013:

Resultat frå Fylkeskappleiken 2013 på Skei

3 publikum
Full sal!

Med full sal var det endeleg duka for opninga av fylkeskappleiken 2013 på Skei Hotell. Det var mange flinke spelmenn og forrykandes god stemning på dansegolvet.

1 emil horstad, gammaldanss-runddans junior
Emil Horstad vann klassen

Solo gammaldans runddans junior

Det var to deltakarar i solo gammaldans runddans junior - Emil Horstad frå Naustedalen Spelemannslag, og Kine Svori frå Jostedal spel- og dansarlag. Emil Horstad vann klassen med 82 poeng. Kine Svori fekk 67 poeng.

2 jan a haugen, gammaldans-runddans senior
Vinnar Jan A. Haugen, 85 poeng.

Solo gammaldans runddans senior

I klassen solo gammaldans runddans senior, var det også to deltakarar. Her var det Jan A. Haugen frå Havbrusen folkemusikklag som stakk av med sigeren med 85 poeng. Bak kom Mette Carlsen frå spelemannslaget Fjelljom med 72 poeng.

Jørans, 93 poeng
Jørans - gruppespel junior, 93 poeng

Gruppespel junior

I gruppespel junior var det berre gruppa Jørans frå Naustedalen Spelemannslag som deltok og vann denne klassa med 93 poeng.

Anne Lovise Drevdal og Tormod Øvrebø
Anne Lovise Drevdal og Tormod Øvrebø

Runddans senior

I alt ti par stilte opp i runddans senior under fylkeskappleiken. Med flinke dansarar og spelmenn var det god stemning i salen. Klassa vart vunnen av Anne Lovise Dredval og Tormod Øvrebø frå Jostedal spel- og dansarlag. Bak dei kom Sigrid Gjelsvik og Gunnar Bolset frå Naustedalen spelemannslag, etterfulgt av Irene Hestevik og Leon Årdal frå Indre Sunnfjord spelemannslag.

Vi takkar for ein forrykandes kveld på Skei Hotel.

Foto: Astrid Marie Årdal Tekst: Susanne Håheim

| Mer++