Resultatlista viser at det har vore mange gode prestasjonar og god representasjon frå heile fylket.

Siger på heimebane

Den unge felespelaren Nikolai Storevik frå Stryn gjorde reint bord på heimebane, og kunne smykke seg med fleire førstepremiar. Som solist på fele gjekk han til topps i juniorklassen for både bygdedans og runddans, og saman med Sverre Sandvik på gitar tok han førsteplassen i den nystarta klassen samspel junior.

Nye napp i vandrepremiar

Hardingfeleveteran Sigmund Eikås frå Jølster gjekk til topps i A-klassen på hardingfele, og tok sitt første napp i vandrepremien for beste felespel uansett klasse. Den nyoppsette vandrepremien for beste dansepar gjekk til Vidar Underseth og Leikny Aasen, medan den unge songaren Kine Svori frå Jostedal fekk første nappet i vandrepremien for beste songprestasjon.

Sjå heile resultatlista her.