Sogn og Fjordane Folkemusikklag søkjer prosjektleiar for Mokurset 2013
- engasjement med moglegheit for forlenging.
Vi søkjer ein person som er kreativ, strukturert og har god gjennomføringsevne til å vere prosjektleiar for Mokurset 2013. Engasjementet er stipulert til eit månadsverk og vil bli godtgjort med kr. 30 000,- brutto.
Arbeidet som prosjektleiar omfattar i hovudsak planlegging og gjennomføring av Mokurset, her under:
- plan- og budsjettarbeid
- søknadsskriving og rapportering
- marknadsføring og sponsorarbeid
(lista er ikkje uttømmande)
Planlegging og gjennomføring vil skje i tett samarbeid med dagleg leiar i Folkemusikklaget. Som prosjektleiar rapporterer du til styret.
Relevant erfaring frå prosjektleiing og arbeid med born og unge blir sett pris på. Likeeins er det viktig at du har generelt gode it-kunnskapar.
Kortfatta søknad med CV og referansar sendast per e-post til post (@) folkemusikklaget.no innan 15. oktober.
For spørsmål om engasjementet, kontakt styreleiar Synnøve S. Bjørset på tlf. 908 52 334