Fylkeskappleiken i Sogndal, 2.-3. mars

Påmelding og prisar

Påmeldinga til Fylkeskappleiken har no opna!

Påmelding og betaling til Fylkeskappleiken skjer i hovudsakpå nett, på http://tevling.folkorg.no/login/. Ha klar brukarnamn og passord for FolkOrg.

Grupper og lag kan i tillegg melda seg på over e-post til  tormod.o (@) online.no dersom dei ynskjer det. Då må betaling vera til kontonr. 3720 40 74497. Merk betalinga med klasse og namn på deltakar(-ar).

Påmeldingsfrist er 15. februar. Etter denne fristen aukar deltakaravgifta med 50 kr. pr. deltakar.

Deltakaravgifta er for senior kr 200 pr. deltakar i solo og par. Kr 100 pr. deltakar i lag og grupper. For junior kr 100 pr. deltakar i solo og par. Kr 50 pr. deltakar i lag og grupper.

Solospelmenn, grupper og lag som ynskjer å spela til dans fredag og laurdag kveld, kan ta kontakt med Hallgrim Skjerdal for å melda seg (haling (@) online.no, 456 60 339).

Spørsmål om påmelding kan rettast til Tormod Øvrebø, (tormod.o (@) online.no, 905 81 028).

 

Prisar for publikum:

Gjennomgangsbillett (heile helga): 400,-

Fredag kveld (konsert, tevling og dans): 200,-

Laurdag dag (tevlingar): 100,-

Laurdag kveld (tevling og dans): 200,-

Born og unge under 16 år: gratis

| Mer++