Norsk musikkråd har fått stadfesta frå Kulturdepartementet at den nasjonale anbefalinga om å avstå frå innandørs fritidsaktivitet for vaksne, ikkje er til hinder for at kommunar sjølv kan tillate organisert fritidsaktivitet innandørs, dersom dei vurderer at situasjonen tillet det. Sosial kontakt bør framleis begrensast, men kommunar kan opne for innandørs musikkøvingar når situasjonen tillet det.
Ler meir på Norsk Musikkråd si heimeside: https://www.musikk.no/nmr/nyheter/kommuner-bor-vurdere-innendors-musikkovelser

Merk at det er til ein kvar tid er nasjonale reglar og lokale vedtak og råd frå helsestyresmaktene i kommunen de høyrer til som gjeld. Oppdatert informasjon skal vere tilgjengeleg på heimesida til kommunen, og om de er i tvil så oppmodar vi alltid til å ta kontakt med kommunelegen for å få råd og rettleiing.

Meir informasjon om koronasituasjonen finn de på FolkOrg si samleside:https://folkorg.no/kategori/organisasjon/korona-informasjon/