Astrid Sulheim, Bjørn Kåre Odde og Aslak Brimi er alle av dei beste og mest aktive spelmennene i dagens folkemusikkmiljø. Alle er frå Lom, men det er fyrste gong desse tre går saman om eit musikkprosjekt i lag. Albumet ”Atterljomen” lanserast våren 2016.
Tre av landets fineste spillemenn, fra en uvanlig musikalsk fjellbygd. Lom ligger opp mot Jotunheimen, og her har det i generasjoner levd markante spillemenn som har satt dype spor. Denne konserten tar utgangspunkt i arven etter én av dem: Sjugurd Garmo, som var en mester i å lage særpregede og iørefallende melodier. Konsertomtale skrive av Gabriel Fliflet.
Sjugurd var ein viktig personlegdom i spelmannsmiljøet i Lom i 50 år, og var ein stor nyskapar av slåttar. Albumet og konserten har fokus på musikken etter denne spelmannen. Musikken hans er gode og originale melodiar som står seg godt i både solistisk spel og i samspel, og Sulheim/Odde/Brimi presenterer materialet ved å utnytte instrumenteringa fullt ut: Både tre feler i samspel; to feler og bratsj; og solospel. Arrangementa er varierte, med alt frå enkle samspelformer som bygger opp om melodien, til meir intrikate stemmer og harmoniar som gjev slåtten ei heilt ny drakt.
Astrid Sulheim, Bjørn Kåre Odde og Aslak Brimi har tilnærma den same musikalske ballasten med frå opplæringa og samspelet i Lom spelmannslag. Men det er også tre ulike spelmenn, med kvar sine særdrag. Astrid med sitt klåre og kraftfulle spel, Bjørn Kåre med sin speltekniske briljans og reinleik i spelet, og Aslak med sine variasjoner og sin vare tone.
Konsert på Jostedal Hotell, Jostedal
2. april kl. 20.00
Billett kr 200,-
Dans etter konserten
Arr.: Jostedal spel- og dansarlag
Konsert på Sommarkafeen i Stardalen, Jølster
3. april kl. 19.30
Billett kr 150,-
Arr.: Stardalen Sommarkafe
Servering av blomkålsuppe og rekesuppe.
Kaffi og "Felekake"(marsipankake). 150 kr. per pers (50 kr. for berre kake og kaffi).