Norsk Kvedarforum skipar i samarbeid med Arne Bjørndals samling / Griegakademiet - Institutt for musikk Universitetet i Bergen, Sandvikskirken og Kvedargruppa i Bergen til Kvedarseminar 2010 om salmesong i norsk tradisjon.

Seminaret tek sikte på å belyse forholdet mellom folkeleg og kyrkjeleg salmesong. Korleis dei har inspirert kvarandre, sjølv om dei har ulike musikalske uttrykk og representerer to ulike musikkulturar, er eit hovudemne for seminaret. Auka kunnskap har i nyare tid skapt større forståing og respekt mellom dei to kulturuttrykka. Å vise døme på folkemusikalske uttrykk og ulike former for samarbeid er eit viktig mål.

I songillustrerte innlegg, konsertar, kurs og folkesongmesse vil vi ta for oss folkeleg salmesong frå ulike distrikt, vise døme på kunstnarleg bearbeiding og pedagogisk formidling av denne typen tradisjonsstoff. I tillegg til kvedarar / folkesongarar rettar seminaret seg mot alle som har interesse for salmesongtradisjonar og spesifikt mot musikkstudentar og -lærarar, kyrkjemusikarar og vanlege kyrkjegjengarar.

Seminar inkludert alle konsertar og mat fredag kveld: kr. 900 / kr. 700

Konsert: kr. 200 / kr. 150

Intimkonsert: kr. 100

Seminar utan konsertar: kr. 600 / kr. 500 -

Prismoderasjon for medlemmer i Norsk kvedarforum, pensjonistar og studentar. Barn går gratis.

Påmelding ved innbetaling: Kontonr. 2085 07 16324

Norsk kvedarforum v/ Halvor Håkanes, Gml. Bomansviksv. 26,1450 Nesoddtangen

Påmeldingsfrist: 15. august

Last ned faldar her.