Tradition for Tomorrow er ein fire dager lang konferanse og festival i Akureyri nord på Island. Her vert det konserter, dans, kurs, foredrag, seminarer, buskspill med meir. Alt med fokus på å styrke og ivareta nordiske folkemusikk- og dansetradisjoner. Festivalsjef er Guðrún Ingimundardóttir som er islandsk medlem av Nordisk folkemusikkomite. Festivalen er arrangert i samarbeid med fleire nordiske aktørar, blant anna FolkOrg.
Torunn R. Rue, Ragnhild Knudsen, Helene Waage i trioen Glima er klar for Island |
Festivalen og konferansen skal vere ein møteplass og ein felles plattform i arbeidet med å ta vare på levande tradisjoner i Norden. Her er ein jobb å gjere blant anna med å følge opp UNESCOs konvensjon om vern av immateriell kulturarv som alle dei nordiske landa har signert, seier festivalsjef Ingimundardóttir.
Konferansen fokuserer på tre hovudtema: Likskap og ulikskap i nordiske musikk- og dansetradisjonar, tradisjon versus evolusjon og vern av arkivert og levande tradisjon. Fagfolk fra heile Norden vil delta. Festivalen har også et variert kursprogram med undervisning i song, dans og spel direkte frå dei dyktige tradisjonsutøvarane som opptrer på festivalen.
Unni Løvlid skal opptre på Island. Foto: Geir Dokke |
Stor norsk delegasjon
Noreg er representert med heile 14 utøvarar innan musikk, song og dans:
Linda Gytri (Oldedalen), Unni Løvlid (Hornindal), Glima (Torunn R. Rue, Ragnhild Knudsen, Helene Waage, Telemark) RIM (Hilde Fjerdingøy, Jo Einar Jansen, Elin Jonsson, NO/SV), Duo Jansen/Jüssi (Jo Einar Jansen, Johanna-Adele Jüssi, NO/EST), Gro Marie Svidal (Jølster), Ulf Arne Johannessen (Ål), ”Den vesle prinsen” (Gro Marie Svidal, Ulf Arne Johannessen, Tom Karlsrud), REK (Anna Gjendem, Mathilde Øverland, Molde) Moberg & Lie (Pär Moberg, Jo Asgeir Lie, SV/NO) og Torgeir Vassvik med Global Fever Orchestra.