For 44. gong skal Spellemannsprisen delast ut 28. januar. Totalt skal det delast ut 26 prisar, og i "Open klasse" er jølstringen Erlend Apneseth Trio nominert med plata "Det andre rommet".
 
Erlend Apneseth Trio er Erlend Apneseth på hardingfeler, Øyvind Hegg-Lunde på trommer og gitarist Stephan Meidell. Trioen gav ut plata i februar i fjor, og har hausta gode kritikkar. Under Folkelarm var trioen også nominert i klassa "Open klasse" og gjekk av med sigeren.
 
Dei andre nominerte i "Open klasse" er Stian Westerhus, Susanna og Trygve Seim. for plata "Det andre rommet".