Naustedalen spelemannslag er eit særs aktivt lag på mange plan, og dette er andre gong dei er nominert til årets lokallag. Denne gongen for sin aktivitet som formidlar av lokale tradisjonar både i inn- og utland, står det på FolkOrg sine heimesider.
Kvart år deler FolkOrg ut pris til eit spel- og danselag som har utmerka seg spesielt. I år går prisen til lag som har gjort eit spesielt godt arbeid for formidling og synleggjering av norsk folkemusikk – og folkedans både på lokalt, regionalt, nasjonalt og til tider internasjonalt nivå.
Dei nominerte til prisen for årets lokallag i FolkOrg 2015 er Naustedalen spelemannslag, Gjøvik spelmannslag og Verdal juniorspellmannslag.
Prisen for Årets lokallag er på 10 000 kroner, og vil bli delt ut under FolkOrg sitt årsmøte som går av stabelen i Oslo 24.–26. april.
Prisen for Årets lokallag vart oppretta i 2012, og tidlegare vinnarar av prisen for årets lokallag er:
- Seljord Spelemannslag for sitt arbeid med rekrutteringsarbeid for folkemusikk og –dans (2012)
- Eiker Spelemannslag for sitt arbeid med revitalisering av lokale folkemusikktradisjoner (2013)
- Klæbu torader- og danselagfor sitt arbeid med å skape ein populær og stabil arena for dansen i møte med folkemusikken lokalt (2014)