Sogn og Fjordane Folkemusikklag og Naustedalen Spelemannslag ønskjer å blåse nytt liv i munnspeltradisjonen, og skipar til kurs på Håjen Kafé i Naustdal 24.-25. september 2010. For 60-70 år sidan var munnspelet nærast allemannseige - det var billig, lite og enkelt å bere med seg. I dag står munnspeltradisjonen ikkje særleg sterkt i Norge, og ein finn svært få utøvarar som beherskar instrumentet og tradisjonelle spelemåtar. No kan du melde deg på kurs og vere med og slå eit realt slag for munnspelet!

Kurset er ope for alle, men du må kunne spele litt frå før (dvs. enkle melodiar). Deltakarane må sjølv skaffe seg diatonisk munnspel i G-dur. På kurset vil det vere fokus på å lære bort teknikken med ”tungebassing”, det vil seie å bruke tunga på ein slik måte at ein kompar tll melodistemma. Det vil elles bli lært bort både norske og svenske slåttar frå grensetraktene mot Noreg.

Kursinstruktør er John-Erik Hammarberg frå Sverige. Han er ein av dei aller fremste utøvarane på munnspel i Sverige, er ein av få spelemenn på munnspel med tittelen Riksspelmann, og ein populær og mykje nytta kursinstruktør i heile Sverige. Hammarberg er busett i Västerås, men kjem opphavleg frå Jämtland. Munnspeltradisjonen har han lært direkte frå eldre utøvarar i grensetraktene mot Norge, og det er svært mange fellestrekk og mykje felles repertoar med munnspeltradisjonen i Norge.

Kurset startar fredag 24. sept. kl. 10.00 på Håjen Kafé og blir avslutta med Spelemannsfest i Fosshalla, laurdag 25. sept. kl. 20.00.

Kurspakke 1: NOK 2 500,- Inkluderer kursavgift, 3 overnattingar og alle måltid frå kveldsmat torsdag til frukost søndag.

Kurspakke 2: NOK 2 150,- Inkluderer kursavgift, 1 overnatting og alle måltid frå frukost fredag til kveldsmat laurdag.

Kurspakke 3: NOK 1 490,- Inkluderer kursavgift, lunsj og kaffipause m/mat fredag og laurdag.

Alle måltid serverast på kursstaden. Overnatting på kursstaden. Ta med sovepose - resten fiksar vi!

Last ned faldar her

Påmelding innan 1. september til Einar Eimhjellen

tlf. + 47 952 03 597 | e-post: eineim@online.no