100-årsmarkering for Sjur Hesjevoll

 

I år er det 100 år sidan kunstnaren og spelemannen Sjur Hesjevoll vart fødd. Dette blir markert med utstilling, konsert og dans i Jostedal samfunnshus laurdag 22. mars kl. 19.00.

Sjur Hesjevoll vart fødd 19. mars 1914 på garden Hesjevoll i Jostedalen. Han var ein ekte kunstnar, og dreiv med både kunstmåling, treskjæring og dreiing. Foreldra hans var gode til å synge og tralla, og Sjur fekk tidleg sans for musikken. Allereie som gutunge tok han til med å spele fele, og det er som spelemann han er mest kjend.

Slåtterepertoaret til Sjur var stort og allsidig, med både runddans og bygdedans. I tillegg til lokale tradisjonsslåttar henta han inspirasjon frå grammofonplater og radioprogram. Han var ein flik læremeister, og reiste rundt i fleire sognebygder for å halde kurs i felespel.

Sjur hadde sin eigen måte å forma slåttane på. Han kunne veksla mellom eit stort spekter av uttrykk, frå det lyriske og ettertenksame til det fossande og storslagne. Med ekte innleving og formidlingsevne kunne han spela sjølv den enklaste danseslått, slik at tårene rann på dei som høyrde på. Det var ikkje minst heilheitsinntrykket av ein spelemann der mimikken og muskelspelet i heile den mjuke kroppen var med på å understreka rytmen og tonane.  Det rytmisk drivet han hadde i spelet sitt, gjorde han til ein svært ettertrakta dansespelemann.

Sjur Hesjevoll er ein av dei viktigaste spelemennene me har frå Jostedalen. I 1954 var han med på å skipe Jostedal spel- og dansarlag. Han gjorde innspelingar som er viktige for å bevare og vidareføre folkemusikktradisjonen i Jostedalen og Sogn.

Jostedal spel- og dansarlag, i samarbeid med Folkeakademiet, ynskjer å markere at det i år er 100 år sidan Sjur Hesjevoll vart fødd. Markeringa går føre seg i Jostedal samfunnshus med ei utstilling av nokre av Sjur sine arbeid. Det blir konsert med musikalske bidrag frå Helene Myklemyr Bolstad, John Oddvar Kandal, Sigmund Eikås og Håkon Høgemo. Dette er spelemenn som er kjennarar av Sjur Hesjevoll sitt spel, og me får høyre dei både i samspel og solo. I tillegg deltek medlemmer frå Jostedal spel- og dansarlag på konserten. Sjur Hesjevoll var mest kjend som dansespelemann, og Jostedalsspringaren vil difor stå i fokus. Olav Stølen vil fortelje, og gje oss eit rikare bilete av kunstnaren Sjur Hesjevoll. Og dersom ein kjenner rykket i dansefoten under konserten, får ein høve til å svinge seg litt når dei same spelemennene spelar opp til dans, etter ein god kopp kaffi.

Alle er hjarteleg velkomne!

------------------------------------------------------------------------------------------------------

I 2009 vart det utgjeve CD med arkivopptak av Sjur Hesjevoll. Utgjevinga var eit samarbeid mellom Jostedalen spel- og dansarlag, plateselskapet Ta:lik og Nrk.

Harald Hesjevoll skriv fylgjande presentasjon av Sjur Hesjevoll i tekstheftet til cd-en:

"SJUR HESJEVOLL vart fødd 19. mars 1914 på garden Hesjevoll i Jostedalen, Luster i Sogn. Foreldra var Anna f. Krokgjelet (1875–1954) og Ola Hesjevoll (1870–1955). Sjur vaks opp i ein stor syskenflokk, med to søstre og ni brør. Til liks med Sjur, så dreiv fleire av brørne med kunstmåling, treskjæring og dreiing. Fleire av dei prøvde seg og på fela, men det vart Sjur som vart meistaren, og som verkeleg gjekk inn for musikken.

Foreldra til Sjur var gode til å syngje og tralle, og med det fekk Sjur tidleg sans for musikken. Sjur var mykje sjuk i barndommen, og han var ikkje sterk nok til å vere med dei andre ute på gardsarbeidet. Sjølv sa han at dette gjorde til at han kunne drive med felespel. Den eldre broren Hallvard (1899–1972) kom til gards med ei lita flatfele som han hadde fått kjøpt for tre kroner. Dette vart fyrste fela som Sjur spela på.

I byrjinga hadde han ikkje feleboge, så han lærde seg tonar og slåttar ved å klimpre på fela. Seinare fekk han hardingfele av broren Olav (1905–34), som laga nokre feler.

I 1930 fekk Sjur, som då var 16 år, vere med til Årdal og delta på Sognastemna. Dette var Sjur si fyrste tevling, og han vart nr. to og fekk ti kroner i premie. Dette var stort, og det var mykje pengar for ein 16-åring. Seinare deltok han på ei rekkje stemner og kappleikar, og henta med seg mange fine premiar. Men premiane i seg sjølv betydde ikkje så mykje for Sjur. For han var det gleda ved å spela til eit lydhøyrt publikum som betydde mest. Han hadde ei eiga evne til å trollbinde publikum med spelet sitt, og på kappleikar og stemner fann ein ofte Sjur og fela som eit naturleg midtpunkt blant interesserte tilhøyrarar. Men vart det enkelte gonger litt mykje prat blant publikum, så pakka han ned fela, for då var dei ikkje interesserte nok i musikken, meinte han.

Sjur spela mykje til dans. I krigsåra vart ungdomshusa i bygda stengde av tyskarane, men dans og spel vart ikkje stoppa av den grunn. I desse fem åra vart det dansa og spela rundt om i stovene. Sjur, saman med sambygdingen Olaf Sperle (1900–71), var det som oftast sto for musikk til desse stovedansane. Sjur var aktiv i Sogn spelemannslag, og fungerte i periodar som musikalsk leiar for laget. Han lærde villeg vekk av slåttane sine, på same tid som han også fekk lære slåttar av dei andre sognaspelemennene i laget. Han var ein flink læremeister, og reiste også rundt i andre sognebygder for å halde vekeskurs i felespel. Såleis sette han spor etter seg i heile Sogn. I 1954 var han med på å skipe Jostedal Spel- og Dansarlag saman med Lars Stølen (1923–2008), Olaf Sperle og ei rad andre spelemenn. Sjur hadde ikkje i mot trekkspelet då det byrja å gjere sitt inntog. Han samarbeidde og spelte saman med trekkspelarane, og fekk på den måten utvida bruksområdet til slåttane. Særleg kjend vart han for samarbeidet med trekkspelaren Oddvar Stegegjerdet (1940–84), og dei gav ut fleire plater med runddansmusikk frå Jostedalen og sjølvlaga melodiar i tradisjonell stil.

Sjur stifta aldri familie, og budde på Hesjevollen heilt til han gjekk bort i 1994."

Tekst: Harald Hesjevoll