Mat
Ynskjer du å kjøpe middag på hotellet kan dette tingast snart på denne sida. Middagen vert servert både fredag og laurdag mellom 18 og 21. Prisen er kr. 425 frå 13 år og opp, kr. 200 for born mellom 5 og 12 år, gratis for born under 5 år.
Det vert open kiosk på hotellet kl. 21-01 på fredag, kl. 11-17 og kl. 21-01 laurdag.
Overnatting
Vestlandskappleiken skjer på Skei i Jølster, eit knutepunkt i Sogn og Fjordane som binder dei tre regionane saman, og det går difor mange bussar til Skei frå rundt om. Vi anbefalar å sjekke entur.no dersom du reiser kollektivt. Dersom du reiser med bil, kan du putte Thon Hotel Jølster på GPSen, ettersom det er kappleiksarenaen. Under finn de ei liste over aktuelle stadar å overnatte, i ulike prisklasser og ulike avstandar til kappleiksarenaen. Trykk på namnet på overnattingsplassen for å kome til nettsida med meir informasjon og booking.
Thon Hotel Jølster (Skei hotell)
Hotellet er òg kappleiksarenaen og difor så nært ein får det. Trykk HER for å gå til bestilling av hotellrom under kappleiken med rabatterte prisar INNAN 22. september!
Prisar:
- 995 kr - Enkeltrom for ein person, per natt
- 1195 kr - Dobbeltrom for to personar, per natt
- 1595 kr - Trippelrom for tre personar, per natt
- 1795 kr - Familierom for fire personar, per natt
Klasserom på Skei skule
Ynskjer du å overnatte billeg på klasserom, vert det moglegheit for det for kr. 350 pr. person pr. natt. Ynskjer de å leige eit heilt klasserom for spele- eller dansarlaget, ta kontakt med nikolai@folkemusikklaget.no for særskild avtale. (Trykk på overskrifta for å fylle ut skjema for å tinge rom).
Jølster Panorama, Skei
Campingplass ved Jølstravatnet i ca. halvannan km frå hotellet.
Skei servicesenter, Skei
Utleige av hytter 500 m frå hotellet.
Lunde Turiststasjon, Lunde
Ligg i retning mot Fjærland
Airbnb
På Airbnb kan ein tinge overnatting privatpersonar som tilbyr overnatting.
Andre campingplassar i nærleiken: