I samband med den årlege Viksdalsmarknaden skipar Gaular Spelemannslag til marknadsfest laurdag 12.november. Arrangørlaget gjer som i fjor, slår eit slag for dansen, sløyfer den tradisjonelle konserten som start på festen og spelar opp til dans kl 20.00.
Alle nabo-spelemannslaga er inviterte til å sørge for flott dansespel vidare utover kvelden. Dalsfjorden Spelemannslag, Naustedalen Spelemannslag, Folkemusikklaget Havbrusen og Indre Sunnfjord Spelemannslag er godt oppspelte etter jubileumsfesten i Fjaler og kjem alle til Viksdalen denne kvelden, noko vi i Gaular Spelemannslag set umåteleg stor pris på!
Danseglade i alle aldrar er velkomne, frå dei yngste og til dei eldste. Vi håpar på fullt hus og god stemning!
Sal av betasuppe, kaffi og kake.
Inngong vaksne kr 150, skuleborn/ungdom 50,-.