Folkemusikken er Majorstuen sin grunnpalett, men dei let seg også påverke av det som rører seg rundt i andre musikalske sjangrar.
 
Det er ikkje ofte Morgan Kane, Kristin Lavransdatter, Per Waglen og Lensmann Geissler vert nevnt i ein og same setning. Men då dei fem musikarane og komponistane i Majorstuen vart utfordra til å bruke litteratur som inspirasjon for ny musikk, bestemte dei seg for å bruke heile spennet, frå moderne underhaldningslitteratur til klassiske verk, som utgangspunkt.

I SKRIBLE tar Majorstuen publikum med på ein litterær blåtur med høgst musikalske stoppestader!
Medverkande: Synnøve S. Bjørset, Tove Hagen, Jorun Marie Kvernberg, Anders Löfberg og Bjørn Kåre Odde.

DETALJAR STRYN:
Tirsdag 5. september kl 18:30 i Ungdomshuset Skogstjerna (Markane) - Sjå arrangementet på facebook
Arrangør for konserten i Stryn er Majorstuen og Tysdagssveitten/Spelemannslaget Fjelljom. 
Etter konserten, klokka 20, blir det sesongstart for Tysdagssvetten, og danseglade kan svinge seg til eminent dansemusikk ved Spelemannslaget Fjelljom.
Billett kr. 200,-
Student kr 100,-
Born og ungdom t.o.m. ungdomsskulealder går gratis.
Funksjonshindra med ledsagarbevis får gratis inngang for sin ledsagar. 
Billettar selgast i døra. Me kan også ta kort.
 
DETALJAR STRAUMSNES:
Søndag 3. september kl 19:00 - sjå arrangementet på facebook
Arrangør er Majorstuen og Dalsfjorden Spelemannslag.
Billett kr. 200,- 
Born/ungdom/student kr 100,-
Funksjonshindra med ledsagarbevis får gratis inngang for sin ledsagar. 
Billettar selgast i døra. Me kan ta kort.
Kart: https://goo.gl/maps/81rbZDLf5g62
 
HEILE TURNÉLISTA:
1. september Vågå: Diktardagar
3. september Straumsnes Grendahus, Fjaler
5. september Ungdomshuset Skogstjerna, Markane, Stryn
7. september Fosnavåg konserthus
8. september, Bjørnsonfestivalen, Molde