Magnus og Mats har spelt saman i tide og utide over fleire år no. Dei spelar hardingfele og mandola med eit visst fokus på slåttar og melodiar frå Sogn, men og Sverige og den store verda.
 

Her er det stemning og samspel som står i fokus! Vi går tilbake nokre hundreår i tid og tek dykk med til korleis musikken på Vangsgaarden kanskje(!) kan ha høyrdes ut på 1800-talet!
 

Mats Nystam kjem frå Stockholm og har utdanning innan verdsmusikk frå Malmø og tradisjonsmusikk frå Ole Bull akademiet på Voss. Magnus Øydvin er Aurlending og har studert tradisjonsmusikk på universitetet i Sørøst norge avd Rauland.
 

Me gler oss til ein kjekk kveld på Vangsgaarden Gastropub.