Fjelljom, storlag plateinnspeling 2011

Adventskalender 2015

Luke 7: Spelemannslaget Fjelljom

Ivrige arrangørar av tema-konsertar og med eigen festival!

I 1962 vart spelemannslaget Blakset spelemannslag stifta med Samuel Bergset som musikalsk leiar. Nokre år seinare skifta spelemannslaget namn til Spelemannslaget Fjelljom, og i 1979 tok Arne M. Sølvberg over rolla som musikalsk leiar, ei rolle han har hatt sidan. Spelemannslaget dekker heile Stryn kommune, og er av dei eldste laga vi har i fylket.
 
Spelegruppa i laget spelar fast til dans kvar månad. Ein gong i månaden spelar dei til dans på Tysdagssvetten i Skogstjerna i Markane, og ein gong til dans på Stryn omsorgssenter. Dei vekene dei dei ikkje har slike faste speleoppdrag møtast dei onsdagskveld og øver i Stryn kulturhus.
 
Spelemannslaget Fjelljom driv med rekruttering både på spel og i dans. Opplæringa og øving i dans er eit samarbeid med Fjelli Ungdomslag og Tysdagssvetten, og i spel samarbeider laget med kulturskulen, der laget står for fleire av instrumenta som vert nytta.  Medlemstalet er i 2015 over 60 personar, nokolunde likt fordelt på spelarar og dansarar.
 
I dei fyrste åra var det hardingfele som var hovudinstrument i laget, men i dag vert begge feletypane nytta, og særleg den vanlege fela. Trekkspel og komp (gitar og bass) har i alle år hatt fast plass i laget, og runddansrepertoaret står sterkt på repertoaret.
 
Kappleiksdeltaking
Fjelljom deltek kvart år i lagspel og lagdans på Fylkeskappleik, Landskappleik, Landsfestival og i år også Vestlandskappleiken i Førde. Laget kan syne til mange fine plasseringar, særleg på Fylkeskappleik. I tillegg til tevlingane i lag har dei fleire solistar og dansepar som har hevda seg godt på dei nasjonale tevlingane som Landskappleik og Landsfestival.
 
Innspelt musikk
Spelemannslaget har gjort mykje for å bringe vidare tradisjonsmusikken, og har spelt inn og bidrege musikalsk på fleire CD-plater og nokre kassettar. I 2003 gav dei ut Song og spel i Stryn, i 2010 Historisk sus, og i 2012 Korri Korri – alle CD-platene finst framleis for sal til ein rimeleg pris! Dei musikalske bidraga frå Fjelljom kan du høyre på Nordfjordspel I, Nordfjordspel II og CD-en Din og hass far sin.
 
Sin eigen festival
I 1993 og i 2010 arrangerte Fjelljom Landsfestivalen i gammaldansmusikk, og dei har fleire gonger vore arrangørar for Fylkeskappleiken. No står laget som tilskipar av Fjelljomfestivalen med kurs og konsertar kvart år i oktober.
 
Kvart år har dei fleire oppdrag med dansespeling og konsertar. I 2015 bidrog dei blant anna på det lokale arrangementet Kulturnatta i Nordfjord, og nasjonalt på klubbefest i Sogn og Fjordane-ringen i Oslo.
 
Spelemannslaget har skipa til fleire temakonsertar med fokus på tradisjonsmusikarar i området. Rosenlid-kveld på Fjelli, Magne Maurset-kveld i Markane, Rolf Myklebust-konsert i Stryn og seinast i haust skipa dei til Anders Reed-kveld i Utvik. I tillegg til spelemannslaget bidrog juniorgruppa i laget, John Oddvar Kandal og Arne Sølvberg som både historieforteljar og solospelemann.
 
Vi ynskjer Spelemannslaget Fjelljom lykke til i 2016, og gler oss til å høyre kva spanande dei bidreg med på Landsfestivalen 2016 i Gaupne! 
| Mer++