Rupeungane, FK 2015, Jostedal

Adventskalender 2015

Luke 6: Jostedal spel- og dansarlag

Jostedal spel- og dansarlag inviterer til Landsfestivalen 2016!
Aktivt spelemannslag
I vår arrangerte Jostedal spel- og dansarlag Fylkeskappleiken 2015, med stor suksess. Det var eit stort deltakartal og mykje publikum. Fleire av deltakarane var frå JSD, og Tormod Øvrebø og Anne Lovise Drevdal gjekk av med sigeren i runddansklassa i pardans.
 
Under Fylkeskappleiken vert det kvart år arrangert Smørbukkappleik, og der deltok fleire frå spelemannslaget, deriblant Rupungane. I etterkant av kappleiken vart det arrangert dugnadsfest for alle dei involverte, og då stod også Rupungane for programmet!
 
Fleire frå spelemannslaget deltok på i dans og spel under Landskappleiken på Fagernes, Landsfestivalen på Lom og Vestlandskappleiken i Førde – med fleire gode resultat! Dansarane i Lystringen gjorde det skarpt i sommar og vann den gjeve runddansklassa i lagdans under Landsfestivalen.
 
Arrangørlag
Jostedal spel- og dansarlag skipar til ein del arrangement sjølve, men er også ofte medarrangørar, som på Samdansen på Eikum og på Bygdedans Gaupne.
 
Nordbygda spel- og dansarlag reiste på blåtur til Sogn i år, og då stilte Jostedal spel- og dansarlag opp. Dei laga til blåkveld på Tørvis Hotel, og tok i mot to fulle bussar med nordfjordingar. Hotellet vart fylt til randen, og det var dans langt ut i dei seine nattetimar.
 
Spelemannslaget skipar til ulike kurs gjennom året. I år laga dei til ei spel- og dansehelg med hallingkurs for unge, dansekurs for alle med felles middag og dans på kveldstid.
 
Kvart år vert det arrangert hardingfelekurs med Håkon Høgemo med spelemannslaget, og då er det tradisjonsstoff frå dalen som vert henta fram og øvd inn.
 
I tillegg til å arrangere og delta på eigne kurs er Jostedal spel- og dansarlag ofte godt representert på Mokurset, og i år var både Oda Bolstad og Einar Ese instruktørar på hardingfele og fele.
 
Jostedal Hotel vert ofte nytta som selskapslokale og konsertstad når spelemannslaget tek på seg arrangørhatten. No i haust var trioen Maar på turné, og då laga dei til ein festkveld på hotellet med eit lokalt oppvarmingsband, Mathilde Skjæret på hardingfele og Norill Norheim på toradar, konsert med sjølvaste MAAR, og dans med musikk frå spelemannslaget sjølv.
 
Kvart år i desember arrangerer JSD eit ope julebord på Jostedal Hotel, og i år som åra før, skipar dei til det tradisjonsrike julebordet, med god mat og lystig dans i etterkant.
 
Digitalisering
Under Fylkeskappleiken 2015 vart det synt film frå Fylkeskappleiken i 1983 i matsalen. Denne var ny-digitalisert, og det vart sett stor pris på å sjå att gode klipp frå dåtidas kappleik. I tillegg til denne filmen har spelemannslaget også fått digitalisert lagssoga no i 2015.
 
Store planar for 2016
Jostedal spel- og dansarlag har allereie starta planlegginga av neste år, og røper nokre godbitar. Det er blant anna planar om Lustratreff, munnspelkurs og sjølvsagt konsertar med dans i 2016.
 
-Saman med våre gode vener i Gamlebanken Spelemannslag er vi arrangørar av Landsfestivalen 2016, fortel leiar i spelemannslaget Erling Bjørn Vigdal, og legg til at jubileumsfestivalen vert arrangert i vakre Gaupne, 3.-7. august.
 
Jostedal spel- og dansarlag sine medlemmer har god tradisjon for å delta aktivt på Landsfestivalen, og slær til for fullt på heimebane.
 
-Og med det oppmodar me alle til å ta turen til Gaupne neste sommar, avsluttar Vigdal.
 
 
God førjulstid til Jostedal spel- og dansarlag – og lykke til med julebord og 2016!
 
| Mer++