Folkemusikklaget står bak ei rekkje tiltak og arrangement på regionalt nivå. Mellom dei viktigaste arrangementa er Mokurset, Smørbukkappleiken, samt ei rekkje folkemusikkrelaterte kurs og seminar. Kvart år arrangerer folkemusikklaget Fylkeskappleiken i samarbeid med ein lokal arrangør, og anna kvart år Vestlandskappleiken.
 
Fylkeskappleiken 2015 vart arrangert i Jostedalen med Jostedal spel- og dansarlag som arrangørlag. Folkemusikklaget arrangerte Smørbukkappleiken - kappleik for dei yngste midt på laurdagen der årets Smørbukk vart kåra og alle fekk noko godt for deltakinga. I 2016 er det Vindfylla Spelemannslag som arrangerer kappleik i Kjølsdalen.
 
Vestlandskappleiken 2015 haldt stad i Førde, nærare bestemt Scandic Sunnfjord Hotel. Indre Sunnfjord Spelemannslag var eit ypparleg arrangørlag! Neste år er det Bergen som er staden!
 
Sunnfjord juniorspelemannslag vart etablert i juni 2015 - som eit prøveprosjekt og eit aktivitetslag under folkemusikklaget. Det er no teke inn i Førde Kulturskule som ein del av hardingfeletilbodet. Vi håpar at dette vil vere til inspirasjon til noko ein kan gjere både i Nordfjord og Sogn!
 
Tradisjonskurs - å verta ein betre dommar vart arrangert i februar på Skei Hotel. Sigmund Eikås og Vidar Underseth losa dei 13 deltakarane gjennom å belyse ulike sider ved det å vere dommar.
 
Arkivdykk og seminar vart arrangert på Leikanger med musikkarkivar Synnøve S. Bjørset som primusmotor og foredragshaldar. Eit vellukka seminar som vi øsnkjer å arrangere igjen!
 
Mokurset
Sogn og Fjordane Folkemusikklag har årleg sidan 1984 arrangert Mokurset, eit sommarkurs i folkemusikk og -dans på Mo i Sunnfjord. Mokurset er det eldste sommarkurset av sitt slag i landet og det einaste sommarkurset som særleg fokuserar på folkemusikk og -dansetradisjonar på Vestlandet. Kvart år samlast mellom 60 og 80 born her, og får oppleve kursinstruktørar av ypparste klasse, dei får gode vener for resten av livet, og sjølvsagt påfyll av tradisjonsmusikk og -dans.
 
Gjennom veka får dei oppleve ulike konsertar og sjansen til å halde konsertar sjølve. Gruppene er nivådelt, og dei siste åra har dei eldste deltakarane hatt eit kurs kalla Meisterklasse - støtta av Førdefestivalen. Illustrasjonsbilete er av Meisterklasse-gjengen anno 2015, med Bjørn Kåre Odde og Øyvind Sandum som instruktørar. Dei haldt sin eigen konsert under Mokurset.
 
God jul og godt nytt år
Folkemusikklaget ynskjer alle ei riktig god jul, og håpar på eit godt samarbeid med alle til neste år! Takk for alle bidrag inn for å halde kalenderen og nyhendene på nettsida oppdatert! Vi ynskjer oss, om mogleg, endå fleire av dei til neste år!