Eidsplm[1]

Adventskalender 2015

Luke 2: Eid Spelemannslag

Eid Spelemannslag har ni medlemmer. Sjølv om laget ikkje er så stort, ser dei lyst på livet, og trivst svært så godt ilag!
-Me har det mykje moro i lag, men er lite flinke til å lære opp rekruttar, seier leiar i laget, Magnus Skjerdal. Dei som er med i tillegg til Skjerdal er Erling Dalset, Johs Rotihaug, Jakob Haugen, Asbjørn Alsaker, Øystein Dahl, Terje Grinde, Arild Løset og ”vår eminente gitarist John Roar Øyen”.
 
Syng med den stemme du har
-Me spelar variert musikk. Når me er ute på speleoppdrag prøver me å ha med ein swing og ein tango i kvart sett i tillegg til dei vanlege gamaldansane. Elles prøver me å syngje. Her gjeld mottoet ”syng med den stemme du har”, fortel leiaren, og legg til at det på ingen måte er noko mål å høyrast ut som englar i kor.
 
-Songen gjev oss og publikum godt humør, og det er det viktigaste!
 
Stor aktivitet
Ein gong i veka møtest spelemannslaget på Hjelle Skule på Eid, der dei terpar på nye slåttar, drikk kaffi og løyser verdsproblem. Av og til prøver dei seg på å løyse lokale problem, men der vert dei sjeldan einige.
 
-Aktiviteten er brukbar  med  månadlege spelingar både på Tysdagssveitten i Markane og til Nordbygda dansarlag på Valhall, eller Lote, seier Magnus, og legg til at dei absolutt ikkje ligg på latsida når det kjem til speleoppdrag.
 
-Ein gong i året har vi fast speling til fredagsdansen i Volda og i Førde, og vi reiser også til Volda og spelar til onsdagsdansarane både om våren og på juleavslutninga deira, fortel han. Eid Spelemannslag bidreg gjerne med musikk på sjukeheimen og eldretunet gjennom året, og å spele på seniorjulebordet på Alexandra, Loen, er mest å sjå på som ein tradisjon.
 
Ein i manko
Dei finn ikkje alltid tid til å still på kappleikar, men festivalar er dei betre på! Gamaldanshelga på Alexandra, Fjordafestivalen i Undredal, ”sprell” på Raftevold i Hornindal og ikkje minst Landsfestivalen, fekk dei med seg i året som gjekk. I sommar stilte dei i Lom i gruppespel, og gjekk under namnet ”Ein i manko”
 
-Me hadde store planar om god plassering og øvde mykje på eigne slåttar fram mot sommaren. Eit par timar før vi entra scena dukka ”ein i manko” opp, og plutseleg var vi alle mann alle, smiler Magnus, sjølv om det ikkje gjekk så bra som forventa i konkurransen. Likevel var det ein moro festival, og spelemannslaget bidrog musikalsk på andre vis. Dei stilte opp og spelte på ein gamleheim, og den største opplevinga frå festivalen var då dei spela for ei lukka avdeling – der vart det full dans! Neste år er dei klare for festival att, og sjølv om dei ikkje var nøgd med årets resultat, gjev dei ikkje opp.
 
-På komande festival i Gaupne har vi stooore planar om å avansere mykje på lista!
 
Planane er klare
-Me har det mykje moro på spelingane og får gode tilbakemeldingar for spelinga vår, og om alt går etter planen vil me gje ut ny plate i 2016. Kankje me kan sleppe den ein plass i Indre Sogn, i august, på ein eller annan festival, seier Skjerdal lurt. Og ja, du finn Eid Spelemannslag på facebook. Der kan du sjå aktivitetslista og andre saker dei legg ut.
 
-Følg oss gjerne, me prøver så godt me kan å halde den oppdatert! Også til slutt vil me i Eid Spelemannslag ynskje alle ei god jul og eit spennande godt nyttår!
 
--
Og det ynskjer vi dei også, medan vi gler oss til cd-slepp ein stad i Indre Sogn.
| Mer++