Hyen spelemannslag (2)

Adventskalender 2015

Luke 17: Hyen Spelemannslag

Spelar gjerne opp til dans i bygda!

Hyen Spelemannslag møtast kvar søndag kveld til øving på Hyen skule. Der spelar dei litt nytt, mykje gammalt, og har det sosialt og koseleg med kaffi- og kjekspause, ispedd gode historier, sjølvsagt!
 
–Vi er ikkje så veldig mange til vanleg, men nok til at vi har det kjekt, fortel ein av primusmotorane i laget, Eli Johanne Mjellem. Ho fortel vidare at det ikkje alltid er slik, –I feriar og høgtider kjem studentane i laget heim, og då er vi plutseleg ein stor gjeng, og det er veldig kjekt!
 
Ofte booka på speleoppdrag i bygda
Spelemannslaget har ofte speleoppdrag i bygda. 17. mai med polonese, program på både dagtid og kveldstid, og dansespel. Under Friluftshelga i Hyen er det fast at dei har konsert på Kyrkjegranden og at dei spelar på flakedansen på kveldstid.
 
-Vi deltek også på songens- og musikkens dag, og er fast opningsinnslag på idrettsbasaren, skyt Eli Johanne inn og legg til at dei ofte spelar på Løkjatunet, bukollektivet i Hyen, før både jul og sommar, der det er svært så triveleg stemning med kaffi og kaker. I år spelte dei også til program og dans på familiejulebordet på leirstaden Nesholmen.
 
Arrangørar
I slutten av august kvart år plar det vere Spelemannsfest i Hyen. Denne festen er kjend for gode kaker og godt spel, og i dei siste åra, kjend for internasjonale artistar. I år vart det ikkje, men i fjor var Fromseier Hockings frå Danmark og haldt konsert – noko som vart ein stor suksess! I tillegg til dei langvegsfarande artistane var det sjølvsagt også med lokale ungdommar og lokale lag.
 
-Og til neste år tek vi sikte på at spelemannsfesten er på plass att, smiler Mjellem.
 
Tek turen ut
Kvart halvår tek Hyen Spelemannslag turen til Sandane og spelar til Måndagsdansen for leikarringen i Vonheim. Dei vart også hyra in med litt program og dans i Karnilstunet i juni, som ein del av Jeremiaden. Dei trivst godt ilag på slike oppdrag, og i 2014 var dei også medarrangørar av Fylkeskappleiken på Sandane. Sjølv om ikkje storlaget er ofte på kappleiksscena, er det fleire av solospelemenna frå laget som er med på både Fylkes-, Vestlands- og Landskappleikar!
 
 
Folkemusikklaget takkar for bidraget til kalenderen, og ønskjer Hyen lykke til i 2016, og særleg med spelemannsfesten i august!
| Mer++