Trufast bande
Gloppen Hardingfelelag har samlast kvar tysdag i lokala til Nordfjord Folkemuseum på Sandane. Der møtast spelemenn trufast opp, år etter år.
-Noko stort lag er vi ikkje lenger, men omkring 6-7 felespelarar er med, fortel Aslak Johnsen, ein av dei trufaste. -Vi spelar og utvekslar slåttar, og fortel rett så mange skrøner, ler Johnsen.
 
Oppsving
Nye medlemmer veks ikkje på tre, men det siste året har hardingfelelaget fått litt av eit oppsving når det har kome med nokre "ny-gamle" medlemmer i laget. Dette er til stor begeistring for resten! Opp gjennom åra har fleire hardingfelespelande Firda-elevar nytt godt av at det finst eit hardingfelelag på Sandane. Dei har blitt møtt med opne armar og fått lære slåttar frå veteranane. Også ei og anna skrøne, då sjølvsagt!
 
Held liv i laget
Sjølv om dei ikkje er mange, og ikkje alltid finn tid til å stille på kappleik, er medlemmene i Gloppen hardingfelelag langt frå å miste motet. Dei har eit hovudfokus, og det er å halde liv i laget. Og det klarer dei med glans!
 
God førjulstid til Gloppen hardingfelelag!