Levande musikk
Det er dansekveld kvar onsdag. Naustdal ungdomslag held hus, syter for folk på kjøkkenet, rydding og vasking. Dei har også ansvaret for danseleiinga. Naustedalen spelemannslag organiserer musikk til desse kveldane. Tradisjonslaget med hardingfeler, trekkspel og komp spelar ein onsdag og toradergruppa spelar neste onsdag. På denne måten vert det veksling på musikken og det er god og levande musikk kvar dansekveld.
 
Lang reiseveg
I tillegg til deltakarar frå Naustdal er det er med folk frå Jølster, Førde, Askvoll, Gaular, Fjaler, Flora og Bremanger. Dei som bur lengst vekke køyrer opp til om lag 60 km. kvar veg.
 
Det er lagt opp til byte, slik alle skal få danse og dei som er nye eller mindre trena får danse med gode dansarar i løpet av kvelden. Kvar økt startar med ein bytedans for at alle skal få dansepartnar. Etter kvar 3. eller 4. dans er det bytedans. Det er såleis ikkje ofte ein får danse ilag om ein kjem som par. Det er heller ikkje lagt opp til at ein får velje dansepartnar, men må danse med den ein stoppar med etter bytedansen.
 
Godt samarbeid
Det sosiale vert ivareteke med kaffiøkt på om lag 15 – 20 minutt. Då går praten livleg og støynivået kan til tider vere høgt.
Det ser ut til at dette er eit godt tilbod for det møter som regel  mellom 60 og 80 personar kvar gong. Ein kan trykt seie at dette samarbeidet mellom ungdomslaget og spelemannslaget er svært vellukka og ein god sosial aktivitet i dansemiljøet i regionen.
 
Desse dansekveldane er trekte fram som ein av grunnane til at Naustedalen spelemannslag vart kåra til Årets folkemusikkarrangør i 2015.
 
Les artikkelen om dansebygda, skrive av Ingrid Stuhaug i Folkemusikk: http://www.folkemusikk.no/dansebygda/
 
xOnsdagsdans-i-Naustdal-2.jpg.pagespeed.ic.lMHsB0nLW2-kopi.jpg
 
Mykje bra dans i fylket
Det er god kvalitet på dansarane og dansen frå fylket. Fleire lag har bra danseaktivitet, men det er ikkje så mange som deltek på større kappleikar.

På Landsfestivalen i Lom var det heile tre lag frå fylket som deltok, og Lystringen gjekk av meg sigeren. I pardans var det heile sju par, og Irene Hestvik og Leon Årdal kom på andreplass.

På Landskappleiken på Fagernes var Mari Andrea Ness og Vidar Underseth, og Oddbjørg Ese og Johannes Kjos deltakarar i A-klassen. I B-klassen deltok Irene Hestvik og Leon Årdal - alle med gode plasseringar.