Ein tysdag i juni hadde ungdommane si første øving saman i Førdehuset. Og det med stor suksess! Medlemmene i det nye laget kjem frå spelemannslag og kulturskular frå Førde, Gaular, Fjaler, Jølster og Naustdal.

Starten
I fleire av dei lokale spelemannslaga finst det to-tre juniorarar som får undervisning på fele, men sidan dei er for unge til å vere med i storlaget, og for få til å lage eige juniorlag, var det naturleg å gå på kryss og tvers av fylkesgrensene og lage til eit juniorspelemannslag for heile Sunnfjord.
 
Folkemusikklaget ved dagleg leiar, Ingrid Heieren, tok initiativ, saman med kulturskulelærar Synnøve Bjørset til første øving. 14 ivrige ungdomar møtte opp, og etter ei økt på eit par timar stilte dei seg opp foran foreldre for ein liten "hentekonsert".
 
Eige repertoar
Frå første tysdag i september har juniorspelemannslaget hatt øving ein gong i månaden. Synnøve Bjørset arrangerte lokale slåttar med tanke på eit samspel med utøvarar på ulikt nivå og speletrening, og det er dette som er hovudrepertoaret til det nystarta spelemannslaget.
 
Aller første oppdrag
14. november arrangerte Førdefestivalen Bornas Verdsdagar på Førdehuset. Der bidrog fleire aktørar frå Førde Kulturskule, deriblant Sunnfjord juniorspelemannslag. Det aller første oppdraget - og det skal vere sikkert og visst at det vert fleire! No er det øving fram mot Smørbukkappleiken i Kjølsdalen i februar!
 
 
Folkemusikklaget er svært så stolte over det nyoppstarta juniorspelemannslaget, og vi gler oss til å følgje dei vidare og høyre endå meir godt spel frå desse ungdomane! God jul!