Adventskalender 2015

Luke 11: Musikkarkivet

Ein joker kjem sjeldan åleine -  i dag er det Musikkarkivet og musikkarkivar Bjørset som får si eiga luke!

Laurdag 5. desember møtte seks håpefulle arkivnerdar fysisk, og to via internetten, på Fylkeshuset på Hermansverk, Leikanger, for å høyre musikkarkivar Bjørset!
12386489_10153170369387120_1792388843_n-2.jpg
 
Historisk
Folkemusikkarkivet i Sogn og Fjordane vart skipa i 1983, med kontorstad i Movika. Hilde Bjørkum vart tilsett som folkemusikkarkivar i halv stilling, og starta innsamlingsarbeid av dålevande folkemusikarar, og arkivering av innsamling som allerie hadde vore gjort. I 1986 vart Folkemusikkarkivet ein del av Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Det førte til nytt namn med ny profil: Musikkarkivet.
 
Synnøve S. Bjørset vart tilsett som musikkarkivar ved Fylkesarkivet i august 2015, og har allereie markert seg med eit voldsomt engasjement og har eigenskaper som passar godt til jobben (det som på folkemunne går under betegninga "nerd"). Og dette er det fleire som kan nyte godt av.
 
Arkivsemninar
Som det står innleiingsvis arrangerte musikkarkivet med Synnøve i spissen, eit arkivdykk og seminar 5. desember, i samarbeid med Sogn og Fjordane Folkemusikklag. Musikkarkivar Bjørset leia deltakarane gjennom seminaret og tok opp tema som kva eit arkiv er, og kva oppgåver som ligg til arkivet, opphavsrett og etiske perspektiv, og ulike perspektiv på arkivet. Det vart også tid til å få leite litt og få høyre lytteeksempel frå databasen, og fleire nyttige tips og triks for korleis ein kan/bør leite vart utdelt! For, det er eit stort arkiv, og ikkje alltid like enkelt å finne det ein søker.
 
Planlegg fleire arkivseminar
Etter eit svært så vellukka arkivseminar er Bjørset svolten på å gje fleire moglegheiten til å få vite meir om kva skattar som ventar på å bli oppdaga. Kanskje det finst nokre udelte godbitar frå ditt tradisjonsområdet? Musikkarkivet og folkemusikklaget ynskjer gjerne å arrangere fleire seminar for allmuen, og er heller ikkje framande for idear!
 
 
Folkemusikklaget gler seg til vidare samarbeid med Musikkarkivet og Bjørset, og anbefalar samtidig adventskalenderen deira.

Den finn de på heimesida deira:
http://www.fylkesarkiv.no/nyhende/musikkarkivet-sin-adventskalendar-2015

og facebooksida deira:
| Mer++