I 1969 vart Fjellklang spelemannslag skipa etter initiativ frå Johannes Befring. Laget rekrutterer i hovudsak spelemenn frå indre Jølster. I mange år var spelemann og slåttekomponist Lars Fjell den kunstnarlege drivkrafta i Fjellklang.
 
Faste aktivitetar
Fjellklang spelemannslag møtast eit par gonger til øving søndag ettermiddag på Skei. Då opnar Jon Gåsemyr opp døra, og lar spelemannslaget få øve heime hjå han. John Oddvar Kandal er ofte i spissen og står for mykje av slåtteutlæringa.
 
Ein tysdag i månaden spelar dei til dans i Borgja på Ålhus, der Leon Årdal har instruksjon i folkedans. Tidleg i februar var dei med innleigd til dansespel på Kandal sitt årlege arrangement Ein aftan på Ålhus. Ein kveld for å minnast storspelemannen Adolf Paulen.
 
Deltek gjerne på kappleik
Du ser dei ofte på kappleiksscena, og Fjellklang gjer det også ofte svært godt, og har nokre sigrar i lagspel, særleg runddans frå dei lokale kappleikane. Dei kvir seg heller ikkje på å arrangere kappleik, og i 2013 arrangerte dei Fylkeskappleiken på Skei Hotel!
 
 
Folkemusikklaget gler seg til å sjå og høyre Fjellklang i 2016, og ynskjer dei lykke til med førebuingane til jul!