Lokalmat til kappleiken
På Solstad i Kjølsdalen feira dei inngang til helg (og vinterferie for dei unge) med å bake ut 150 flatbrød som skal serverast til varmmat under Fylkeskappleiken. Fantastisk innsats frå både ungdom og vaksne. Det er berre å gle seg til mattilbodet for tevlarar og publikummarar under kappleiken 2016.