Plata består utelukkande av Gytri sine eigne komposisjonar, spelt på solo trekkspel.

"Linda har laga melodiar som spring ut av ei kjelde. Naturleg. Som om dei alltid har vore her" skriv Sigrid Moldestad om Umbra. Musikken er inspirert av folk og sterk natur.

Tittelen på plata er henta frå latin, og tyder skugge. "På ein måte speglar vi alle kvarandre, vi ber alle med oss ein skugge av dei vi har møtt. Mine låtar er skuggane av dei eg har møtt – eit nytt bilete av det desse personane har gjeve meg, og det som har oppstått mellom oss. Som vi kan sjå ein skugge, kan vi høyre låtane. Som vi kan følgje skuggen sine linjer og former, finn vi linjene og formene i musikken. Det oppstår noko heilt nytt. Noko fullverdig eige. Umbra." skriv Linda i coveret.

I samband med platelanseringa har du sjansen til å høyre Linda spele:

Oldedalen Gamle Skule, 13. oktober 20.00


Haustsprell, Hornindal, 19. oktober 20.30


Tre Brør, Osafestivalen, Voss, 26. oktober 17.00


Kulturnatt Stryn, 9. november 17.30 og 20.00


Gaupne Hotel, 10. november 20.00


Columbi Egg, Bergen By, 17. desember 20.00

 

Heimesida til Linda Gytri finn du her.