Sogn og Fjordane Folkemusikklag søker etter ny dagleg leiar og folkemusikkoordinator (50% stilling). Dette er ei treårig åremålsstilling. Etter åremålstida kan det bli vurdert ny åremålsperiode.

Vi søkjer etter ein person som: 

  • er samarbeidsvillig og lærevillig
  • er genuint interessert i folkemusikk, -dans og song.
  • arbeider strukturert og sjølvstendig. 
  • har godt nettverk frå fleire miljø. 
  • har eit godt språk, særleg i nynorsk. 
  • gode IT-kunnskapar, gjerne med erfaring frå nettpublisering.
  • organisasjonsefaring
  • har ambisjonar og evne til å løfte folkemusikken og folkedansen i Sogn og Fjordane inn på den kulturelle agendaen og fram i media.

Arbeidsstad: Det vert lagt opp til heimekontor.

Møtestaden i Sogn og Fjordane Folkemusikklag er som oftast Skei.
Løn etter avtale. Den tilsette vil bli innlemma i organisasjonen sin pensjonsavtale. 

Døme på arbeidsoppgåver:

  • Planlegging og gjennomføring av Mokurset.

  • Dagleg drift av laget.

  • Utarbeide relevant informasjonsmateriell for kurs, Smørbukk-kappleiken og andre arrangement i fylkeslaget sin regi.

  • Søkje midlar til drift, kurs m.m.

  • Inspirere, stimulere og samarbeide med lokallaga våre.

  • Koordinator for fylkes- og vestlandskappleiken.

  • Administrative oppgåver i laget som å vere sekretær for styret, førebu styremøter, utarbeide budsjett og føre rekneskap m.m.

  • Informasjonsarbeid som til dømes oppdatering av laget sine heimesider, facebooksider og utsending av pressemeldingar.

  • Jobbe opp mot media for å fremje folkemusikken i fylket.

For spørsmål om stillinga, ta kontakt med dagleg leiar i Sogn og Fjordane Folkemusikklag, Dagrun Hesjevoll, på telefon 992 63 887, eller e-post:

dagrun (@) folkemusikklaget.no, eller styreleiar Antonia Karete Haugen Kongsvik på telefon 909 99 988,

Send søknad med CV til: post (@) folkemusikklaget.no

Søknadsfrist: 1.september 2014